Velkommen til
SØRE
SUNNMØRE
MOTORHISTORISKE KLUBB
Søre Sunnmøre Motorhistoriske Klubb vart stifta den 9 / 9 1995 hos Odd
Fredrikson på Hjørungneset i Hareid kommune. Det vart på stiftingsmøtet bestemt
at dette skulle vere ein klubb med ”takhøgde”, alle skal vere like velkomne
anten dei samlar på Roll’s Royce eller gamle trøsyklar.Det er ikkje naudsynt å
eige noko veterankjøretøy for å vere medlem, det er nok at ein har litt
interesse for motorhistoriske kjøretøy og innretningar som har med vår tekniske
kulturarv å gjere.
Det vart også bestemt at klubben skulle femne om kommunane Hareid, Ulstein,
Herøy og Sande.
Klubben har eige klubblad , ”Stiften”, som kjem ut med 6 – 8 nummer pr år der
Odd Fredriksson er redaktør. Stiften fungerer også som klubblad for Volda og
Ørsta Veteranvognklubb, som vi har litt samarbeid med.
SSMK arrangerer eit årleg veteranvogn-løp, ”Rundeløpet”, som går av stabelen i
midten av Juni og går frå Hareid/Ulstein til Runde i Herøy Kommune, med litt
varierande ruteopplegg.
Klubben er medlem i Landsforbundet av Motorhistoriske Kjøretøyklubber sidan 1997
og har eigen besiktigelsesmann i samband med LMK-forsikring.
Vi har medlemsmøte den første mandagen i kvar månad i kantina til Spenncon A/S i
Hjørungavåg (Hareid Komm.) der bedrifta sponsar kaffi/te osv.
Styret for klubben er samansett slik:
Formann……..Dag Hallvard Flakk
Sekretær…….Steinar Skeide
Kasserar…….
Julie Christina Fredriksson
Styremedl.1….Odd Fredriksson
Styremedl.2… Jarle Svein Mork
Redaktør….....Odd Fredriksson
Søre Sunnmøre Motorhistoriske Klubb
Postboks 117
6069 Hareid
Email: ssmk@lmk.no